Kinlochleven | ||
---|---|---|
skotsk-gælisk | Ceann Loch Lìobhann | |
![]() | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | ![]() | |
Konstituerande land | ![]() | |
Region | Highland | |
Geografi | ||
Koordinatar | 56°43′N 4°58′W / 56.717°N 4.967°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | PH50 4 | |
Kinlochleven er ein landsby i i distriktet Lochaber regionen Highland i Skottland. Byen blir delt i to av ei lita elv. Den sørlege delen heiter Kinlochleven, medan den nordlege heiter Kinlochmore. Han ligg i enden av Loch Leven, som trass namnet ikkje er ein innsjø men ein fjordarm som består av saltvatn. Landsbyen har i dei siste åra vorte ein svært populært stoppestad for fotturistar som går den berømte West Highland Way.
Årleg har landsbyen besøk av rundt 100 000 turistar og er i dag ein av dei fem mest vitja stadane i Skottland. Tidlegare var det industrien, og då særleg aluminiumsverket som bar byen økonomisk. I dag har turismen naturleg nok teke meir over som hovudnæring.
Det bur rundt 1000 innbyggjarar i landsbyen, fordelt på omkring 420 husstandar. Svært mange av dei desse livnærer seg ekstra ved å drive ein Bed and Breakfast for dei mange vandrarane.