Kjole (frå dansk, av kjortel)[1] er eit klesplagg for kvinner med liv og skjørt i eitt.[2] Utforminga av kjolar og lengden på skjørtet kan variera mykje mellom tidsperiodar og kulturar.
I samansetjingar kan ordet kjole kan også visa til gallaantrekk for menn (sjå kjole og kvitt, snippkjole), embetsdrakt for prestar (sjå samarie), og i eldre tid også militær uniformsjakke (våpenkjole).[2]