Kjortel

Skisse av ein kjortel frå før 1400, funnen på Herjolfsnæs på Grønland.

Kjortel er ei samlenemning for ulike typar vide, gjerne side, lukka ytterplagg med erme. Det gjeld mellom anna laustsitjande, kappeaktige blusar og andre halv- eller heillange, kjoleliknande overplagg. Kjortlar har blitt nytta av menn og kvinner i ulike tidsperiodar og kulturar, til dømes som tunikaer i Romarriket og som vanleg draktplagg i mellomalderen, til dømes bliauder. Side kjortlar er framleis i bruk som ytterplagg for begge kjønn i mange land, men er i Vesten stort sett berre halde på som prestekjolar og advokatkappar. Skikken med kjortlar lever vidare i bruken av kjolar for kvinner.

Kjortlar har ofte vide erme, er i eitt stykke og blir vanlegvis trekt på over hovudet. Enkelte kappe-, kåpe- eller frakkliknande kjortlar kan likevel ha opning framme.


Kjortel

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne