Koloni

Ein koloni (frå latin colonia, jordeigedom) er eit land eller landområde som er formelt underlagt eit anna, ei kolonimakt. Det finst to måtar ein kan danna ein koloni på, som ofte vert blanda: Ved at nybyggjarar slår seg ned i eit nytt område, eller ved at styrkar frå kolonimakta tek over landet dei vil ha med makt.

Mange store statsdanningar i historia har hatt koloniar, og nokre av dei baserte rikdommen sin på dei. Dette gjaldt til dømes Romarriket og Det britiske imperiet.

Store delar av verda var kolonisert i 1905.

Då Europa fekk auga opp for resten av verda, førte det raskt til at fleire land skaffa seg koloniar der dei kunne. Dei fleste koloniane fanst i sør, i Latin-Amerika, Afrika og Asia. Det er få koloniar igjen, men den uformelle dominansen og økonomiske utnyttinga ein kallar nykolonialisme finst framleis.

Mange koloniar måtte føre væpna kamp for å bli frigjort frå kolonimaktene, såleis mellom andre Algerie og Kenya. Kolonimaktene tok i bruk grufulle verkemiddel for å halde dei koloniserte nede, også under frigjeringskampane etter andre verdskrigen.


Koloni

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne