Kombinert (eigl. kortform av kombinert langrenn og skihopp) er ein vinteridrett som er sett saman av to delar, hopp og langrenn. Det blir rekna som ein av dei nordiske greinene.
I kombinert blir prestasjonane til utøvaren i dei to greinene blir vekta mot kvarandre for eit endeleg resultat. Som regel bruker ein Gunder-metoden, ved at ein hopper først, og deretter går eit jaktstartløp i langrenssporet der bestemann i bakken startar først.