Konkresjon

Konkresjonar av kalk på Bowling Ball Beach (Mendocino County i California), forvitra fram frå ein laus, sedimentær bergart

Ein konkresjon er ein hard, kompakt masse eller knoll av sedimentær stein som er danna gjennom utfelling av mineral i mellomrommet mellom partiklane i eit sediment (sand, leire eller gjørme). Konkresjonar er ofte ovale eller runde. Meir irregulære former finst òg, til dømes marleikar som har mange former. Namnet kjem av latin og tyder direkte omsett «samangrodd».


Konkresjon

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne