Korgplantefamilien | |
![]() Tolv artar i korgplantefamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae Bercht. & J.Presl, 1820 |
Korgplantefamilien eller korgblomfamilien (Asteraceae eller Compositae) er ein plantefamilie i ordenen Asterales. Han omfattar om lag 13 000 artar fordelt på 1 500 planteslekter.
Familien blir gjerne rekna som den mest utvikla eller «moderne» av alle plantefamiliar. Dette er både fordi ein ikkje har funne arkeologiske spor frå gammal tid av desse blomane, og fordi dei har utvikla mange sofistikerte organ som andre plantar ikkje har.