Kraniosynostose (av latincranio, «kraniet»; syn, «saman»; og ostosis, «som gjeld knoklar») er ein tilstand hjå nyfødde der ein eller fleire av dei fibrøse skallesaumane forbeinar og lukkar seg for tidleg,[1] slik at vekstmønsteret i hovudskallen endrar seg.[2] Skallen klarar ikkje utvide seg vinkelrett til den forbeina saumen, så den kompenserer ved å vekse meir i den retninga som ligg parallelt til saumen.[2] Av og til er vekstmønsteret tilstrekkeleg nok til å romma hjernen, men fører til unormal skalleform og unormale andletstrekk.[2] Når kompenseringa er for lita vil kraniosynostose føra til auka hjernetrykk, som kan valda synshemjingar, søvnløyse, etevanskar, eller nedsett mental utvikling kombinert med monaleg nedsett IQ.[3]
Kraniosynostose rammar eitt barn per 2000 fødslar. Kraniosynostose er ein del av eit syndrom i 15—40 % av pasientane, men plar å gå føre seg som ein isolert tilstand.[4][5]