Kura | |||
Mt'k'vari, Kür, Kyros | |||
elv | |||
Kura ved Mtskheta i Georgia
| |||
Land | Tyrkia, Georgia Aserbajdsjan | ||
---|---|---|---|
Region | Kaukasus | ||
Tilløp | |||
• venstre | Iori | ||
• høgre | Khrami | ||
Nedslagsfelt | 198 300 km² | ||
Byar | Khashuri | ||
Lengd | 1 515 km | ||
Vassføring | for like nedanfor samløpet med Aras | ||
• middel | 443 m³/s | ||
• maks | 2 250 m³/s | ||
• min | 206 m³/s | ||
Kjelde | Vesle Kaukasus | ||
- stad | Nær Kartsakhisjøen, Kars, Tyrkia | ||
• høgd | 2 740 moh. | ||
- koordinatar | 40°40′31″N 42°44′32″E / 40.67528°N 42.74222°E | ||
Munning | Kaspihavet | ||
- stad | Neftçala, Neftchala rajon, Aserbajdsjan | ||
- koordinatar | 39°19′32″N 49°20′07″E / 39.32556°N 49.33528°E | ||
Kura 40°50′01″N 42°49′12″E / 40.833554°N 42.820133°E | |||
Kart over nedslagsfeltet til Kura
| |||
Wikimedia Commons: Kura River |
Kura (georgisk მტკვარი - Mtkvari, aserbajdsjansk Kür) er ei elv i Kaukasus, som renn frå Tyrkia via Georgia til Aserbajdsjan, der ho møter elva Aras før ho renn ut i Kaspihavet. Den totale lengde hennar er 1 364 km.
Namnet Kura kjem av namnet «Kurosh», som er persisk uttale av namnet på den persiske kongen Kyros den store. I eldgamle vestlege dokument vart elva kalla Cyrus. Det georgiske namnet på elva er «Mtkvari», som tyder 'saktegåande'. Namnet «Kura» vart først brukte av russarane og seinare av europeiske kartografar.
Tidlegare var det mogeleg å segle på elva heilt opp til Tbilisi i Georgia, men ho er no mykje grunnare og saktegåande, sidan mykje av vatnet vert brukt til straumproduksjon. Elva er forholdsvis forureina på grunn av store industrisenter som Tbilisi og Rustavi i Georgia.
Det finst to andre elver med liknande namn, Kur nær Kursk i Russland, og ei anna Kur nær Khabarovsk, som òg ligg i Russland.