Lagidrett er former for idrett der ulike lag, som regel to om gongen, kjempar mot kvarandre. Mange kjende slike idrettar inneheld spel med ein ball. Nokre lagidrettar som er populære i Noreg er fotball, handball og korgball.
I moderne tid er lagidrett blitt organisert i idrettslag og meisterskap på ulike nivå. Det kan byggjast opp ein fellesskap gjennom at fleire heier på eit lag, til dømes laget frå heimbyen eller heimlandet.
Det er også mogleg å gjera idrettar der enkeltutøvarar som regel tevlar mot kvarandre om til lagidrett, til dømes gjennom stafett og ulike turneringar.