Le Havre | |||||
---|---|---|---|---|---|
Utsyn over stranda i Le Havre og delar av den gjenoppbygde byen | |||||
| |||||
Styresmakter | |||||
Land Region Departement |
Frankrike Normandie Seine-Maritime | ||||
Grunnlagd | 1517 | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 46,95 km² | ||||
Flatevidd - By |
46,95 km² | ||||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik - Byområde |
190 905 4 066/km² 296 773 | ||||
Koordinatar | 49°30′0″N 0°7′12″E / 49.50000°N 0.12000°E | ||||
Høgd over havet | 0 m | ||||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||||
Diverse anna | |||||
Postnummer | 76351/76600, 76610, 76620 | ||||
Heimeside: Offisiell nettside | |||||
Plassering | |||||
Le Havre er ein by i Normandie, nord i Frankrike ved Den engelske kanalen og munningen til Seinen. Han har eit folketal på om lag 190 000 innbyggjarar, medan storbyområdet i 1999 hadde 296 773 innbyggjarar.
Byen var anløpshamn for franske passasjerdamparar som gjekk over Atlanterhavet til USA, og byen vert derfor kalla «La Porte Océane». Han er den største byen i Normandie, føre Rouen, og den femte største eksporthamna i Frankrike.
Le Havre har vore på verdsarvlista til UNESCO sidan juli 2005. Byen har eit universitet og ein sterk sportskultur med «Le HAC», den eldste profesjonelle fotballklubben i Frankrike.