Ligurisk | ||
Klassifisering: | Indoeuropeisk | |
Bruk | ||
Utdøydd: | Etter 210 f.Kr. | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3: | xlg |
Ligurisk er eit utdøydd språk som vart talt av ligurar i antikken, før 500-talet f.Kr. Det er brei semje om at språket skal reknast som eit indoeuropeisk språk
Berre nokre få ord av språket er kjend i dag. Dei har overlevd gjennom innskrifter på fjellveggar i nordvestlege Italia, stad- og personnamn og eit lite tal ord som sitat i gresk og latinsk litteratur. Namnet Genova kjem truleg frå dette språket. Namnet Genève er då truleg det same ordet på keltisk. Kanskje representerte det ei gruppe som stod mellom keltiske språk og italiske språk.