Ljubljana | |||
by | |||
Utsyn over Ljubljana.
Foto: Kjetil Ree | |||
|
|||
Land | Slovenia | ||
---|---|---|---|
Areal | 163,76 km² | ||
Folketal | 284 293 (1. januar 2022)[1] | ||
Først nemnd i | 1144 | ||
Retningsnummer | 01 | ||
Bilnummer | LJ | ||
Ljubljana 46°03′05″N 14°30′22″E / 46.051388888889°N 14.506111111111°E | |||
Ljubljana på kartet over Slovenia
| |||
Wikimedia Commons: Ljubljana |
Ljubljana (tysk Laibach) er hovudstaden i Slovenia og den største byen i landet. Han har om lag 285 000 innbyggjarar. Ljubljana er det kulturelle, vitskaplege, økonomiske, politiske og administrative senteret i landet. Gjennom historia har byen vorte prega av å ligge i overgangssonen mellom germansk, latinsk og slavisk kultur.
Byen ligg sentralt i Slovenia ved elva Ljubljanica, 10 kilometer frå denne elva sitt utløp i elva Sava.