Lombardia | |||
region | |||
|
|||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Milano | ||
Areal | 23 863,65 km² | ||
Folketal | 10 067 494 (2019) | ||
Lombardia 45°39′N 9°57′E / 45.65°N 9.95°E | |||
Kart som viser Lombardia.
| |||
Wikimedia Commons: Lombardy |
Lombardia (latin Langobardia, vestlombardisk Lumbardìa) er ein av tjue adminstrative regionar i Italia. Hovudstaden er Milano. Om lag 9,5 millionar menneske, ein sjettedel av alle innbyggjarane i Italia bur i Lombardia, som gjer regionen til den mest folkerike i Italia. Om lag ein fjerdedel av bruttonasjonalproduktet til Italia vert produsert her. Språk som vert tala i regionen er italiensk, vestlombardisk og austlombardisk.