Ein lukka by er ein busetnad med restriksjonar for innreise og opphald i Sovjetunionen og somme av dagens land som tidlegare var ein del av Sovjetunionen. I dagens Russland har slike stader offisielt namnet «lukka administrative-territorialformasjonar» (russisk закрытые административно-территориальные образования, zakrytyje administrativno-territorialnyje obrazovanija eller forkorta ZATO).
Lukka byar var ikkje oppførte på anna enn klassifiserte kart. Det var ikkje vegskilt eller liknande som viste vegen til lukka byar, og dei var heller ikkje oppførte i jernbanerutene. I bussruter vart dei lukka byane oppførte som nærliggande små landsbyar, med stoppet nærast den lukka byen kalla «47km» eller liknande. For postleveransar vart ein lukka by vanlegvis omtalt som den næraste store byen samt eit tal som Arzamas-16, Tsjeljabinsk-65 osv. Folk som ikkje budde i ein lukka by vart utsett for dokumentkontroll og tryggleikskontrollpunkt og måtte ha spesifikk løyve for å kome inn i byen. For å få kunne busetje seg i ein lukka by måtte ein ha tryggleiksklarering hos KGB.
Den lukka byen vart stundom vakta av piggtrådgjerder og tårn, ikkje ulikt ein straffeleir. Dette avgrensa ikkje fridomen til innbyggjarane, som lett kunne kome gjennom kontrollpunkta. At byane i det heile eksisterte var ofte klassifisert og innbyggjarane var venta å ikkje fortelje framande om kvar dei budde. Mangelen på fridom vart ofte kompensert med betre husvære og betre utval av varer i butikkane enn elles i landet. I Sovjetunionen fekk folk som arbeidde med klassifisert informasjon i tillegg ein lønsbonus.