Magnet

Jernspon på eit ark syner magnetfeltet til ein stavmagnet
Ein «hesteskomagnet» laga av alnico, ei jernlegering. Magneten har form som ein hestesko for å føre dei to magnetiske polane nær kvarandre og skape eit sterkt magnetfelt som kan løfte tunge jernstykke.

Ein magnet er ein lekam som har eit magnetfelt. Det kan vere ein elektromagnet eller ein permanent magnet. Permanente magnetar generer alltid eit magnetfelt. Nåla i eit kompass er ein permanent magnet. Nokre bergartar har naturlege magnetfelt, men magnetar kan òg produserast industrielt. Elektromagnetar nyttar straum til å generere eit magnetfelt.

Ordet magnet kjem frå gresk magnítis líthos (μαγνήτης λίθος), som tydar «stein frå Magnesia». Magnesia var eit område i det gamle Hellas, noverande Manisa i Tyrkia. Der finst det magnetitt.

SI-eininga for magnetisk feltstyrke er tesla, og eininga for magnetisk fluks er weber. 1 tesla er ei særs stor eining og magnetfeltet til jorda er på kring 30 – 60 μT.

Magnetisme vert utnytta i dørlukkarar, lydband/databand, følarar i tjuverialarmar, teleslynger for høyreapparat, høgtalarar, metalldetektorar, katodestrålerøyr/TV-røyr og MR-maskiner (biletdanning ved magnetisk resonans)


Magnet

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne