Maliq

Maliq
Rådhuset i Maliq
Rådhuset i Maliq
Rådhuset i Maliq
Byvåpenet til Maliq
Byvåpenet til Maliq
Styresmakter
Land
Region
Albania
Korçë
Geografi
Flatevidd
 - By

657 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2011)

41 757
Koordinatar 40°42′0″N 20°42′0″E / 40.70000°N 20.70000°E / 40.70000; 20.70000
Tidssone CET (UTC+1)
Plassering
Maliq kommune innafor regionen Korçë
Maliq kommune innafor regionen Korçë
Maliq kommune innafor regionen Korçë

Maliq er ein by og ein kommune i regionen Korçë i Albania. Kommunen ligg søraust i landet og grensar i nordvest til Elbasan, i vest til Berat.

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Maliq vart slått saman med landkommunane Libonik, Gorë, Moglicë, Vreshtas, Pirg og Pojan.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Maliq.

Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 4 290 innbyggjarar, medan dei sju kommunane som i dag utgjer storkommunen Maliq, til saman hadde 41 757 innbyggjarar.[1]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2011
  2. Kommunereforma i 2014

Maliq

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne