Metrologi (frå gresk μέτρον, metron, 'mål' og λόγος, logos, 'fornuft, lære') er læra om mål og vekt, målemetodar og måleinstrument.
Legal metrologi viser til lovregulering av måling og måleiningar. I Noreg er lovregulert måling omtala i Lov om mål og vekt, forskrifter og justerbestemmelsar. Det er regulert av Justervesenet.