Michael Atiyah (fødd 22. april 1929) er ein britisk matematikar.
Han er professor ved University of Edinburgh og vart i 1966 tildelt Fieldsmedaljen for arbeida sine med topologi og matematisk analyse. I 2004 vart han, saman med Isadore Singer, tildelt Abelprisen for å ha oppdaga og bevist indeksteoremet, som knyter topologi, geometri og analyse til kvarandre, og for den viktige rolla dei har hatt når det gjeld å byggje bruer mellom matematikk og teoretisk fysikk.