Middlesex er eit tradisjonelt grevskap i England. Nesten heile Middlesex blei i 1965 innlemma i Stor-London. Det var eit av dei 39 historiske grevskapa, som opphavleg inkluderte blant anna City of London, som blei sjølvstyrt allereie i det 13. århundre. Middlesex er ikkje lenger verken eit administrativt eller seremonielt grevskap, men er framleis namnet på eit geografisk område som blir brukt av blant anna av postvesenet.