Frå venstre til høgre, øvst: kvarts og korund; i midten: ametyst og agat; nedst: azuritt og Hope-diamanten, rekna for å vere den mest kjende diamanten i verda. |
Mineralogi er læra om kjemien, krystallstrukturen og fysiske (inkulsive optiske) eigenskapar til mineral. Studiar innan mineralogi omfattar prosessar knytt opphav og danning av mineral, klassisering av mineral, geografisk fordeling i tillegg til deira bruk.
Moderne mineralogi kan oppfattast som eit fleirfagleg felt av kjemi, fysikk, krystallografi og geologi, og då særskild petrologi og geokjemi.