Mont Blanc | |||
fjell | |||
Mont Blanc og Dôme du Goûter
| |||
Land | Frankrike, Italia | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dei graiiske Alpane | ||
Høgd | 4 808 moh. | ||
Primærfaktor | 4 695 m | ||
Førstestiging | 8. august 1786 - Jacques Balmat og Michel-Gabriel Paccard | ||
Koordinatar | 45°50′1″N 6°51′54″E / 45.83361°N 6.86500°E | ||
Mont Blanc 45°49′58″N 6°51′54″E / 45.832777777778°N 6.865°E | |||
Wikimedia Commons: Mont Blanc |
Mont Blanc (italiensk Monte Bianco), òg kalla «La Dame Blanche», er det høgaste fjellet i Alpane og Vest-Europa.[1]
Fjellet ligg i området Aostadalen i Italia og Haute-Savoie i Frankrike. Det har lenge vore krangla om på kva side av landegrensa sjølve fjelltoppen ligg, og begge land plar å plassere toppen på si side av grensa på forskjellige kart. Etter ein avtale mellom Frankrike og Kongedømet Sardinia i Torino i 1861 vart grensa [2] trekt gjennom det høgaste punktet på Mont Blanc, og dette er den siste offisielle definisjonen på kor grensa går, sjølv om franske kart ofte ikkje respekterer denne løysinga.
Dei to mest kjende byane nær Mont Blanc er Chamonix i Haute-Savoie (åstad for dei første olympiske vinterleikane) og Courmayeur i Aostadalen. Mont Blanc-tunnelen går mellom desse to byane, og er ei viktig transportåre i Alpane. Han vart påbyrja i 1957 og stod ferdig i 1965 med ei lengd på 11,6 km.
Mont Blanc-massivet er eit populært område for fjellklatring, tur- og skigåing.