Myggsmettar | |
![]() Kaliforniamyggsmett Polioptila californica | |
Utbreiing | |
![]() Utbreiinga av Myggsmettar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Parvorden: | Passerida |
Overfamilie: | Certhioidea |
Familie: | Myggsmettar Polioptilidae Baird, 1858 |
Myggsmettar (Polioptilidae) er ein familie med omkring 20 artar av små sporvefuglar som finst i store delar av Amerika med unntak av delane lengst sør i Sør-Amerika og dei høgste regionane i Andes. Dei fleste myggsmettane lever som standfuglar i tropiske og subtropiske område, men nordmyggsmetten, Polioptila caerulea, i USA og sørlege Canada migrerer sørover vinterstid. Myggsmettar er nære slektningar av gjerdesmettar.
Desse sarte fuglane er mellomledd mellom songarar og gjerdesmettar i oppbygging og levevis, slik dei flyttar seg kvilelaust gjennom lauvverk på søk etter insekt. Myggsmettar er mest mjukt blålege til gråe i farga, og har dei typiske lange spisse nebba til insektetarar. Mange artar, og spesielt hannane, har karakteristisk svart hette eller mønstre på hovudet, og lange, oftast oppståande hale i svart og kvitt. Dei tre artane av dei forsiktige knottsmettane er brunlege, fyldigare, har relativt kortare stjert og lengre nebb.
Knottsmettane førekjem tett, ofte fuktige, krattskog, medan myggsmettar, avhengig av arten, lever i alt frå tørre kratthabitat (for eksempel kaliforniamyggsmett) til skogtaket i fuktig regnskog i Amazonas (for eksempel amazonasmyggsmett). Dei nordamerikanske artane hekkar i buskar eller tre, men hekkevanane til fleire av dei neotropiske artane er i hovudsak ukjente.
Ein art ny for vitskapen, den kritisk truga varillalmyggsmett Polioptila clementsi, blei først skildra i 2005. Denne arten er medlem av amazonasmyggsmett- (Polioptila guianensis) samlinga, som det nyleg var gjort framlegg om inndeling i fire artar, men ikkje alle autoritetar i systematikk har akseptert dette, blant desse er American Ornithologists' Union, SACC.