Ein nasal er ein konsonant som blir danna med at munnhola er heilt lukka, ved at velum (den mjuke ganen) er senka, men slik at lufta kjem ut av nasen i staden. Nasale lydar i norsk er /m, n, ŋ/, skilnaden dei i mellom kjem av at munnhola er lukka på ulike stader, bilabialt, dentalt eller velart. I dei fleste språk er nasalane stemt, men i nokre språk, t.d. islandsk og nordsamisk har også ustemte nasalar.