Neogen 23.03–0 millionar år sidan
| |
Gjennomsnittleg O2-innhald i perioden | ca. 21.5 vol %[1] (108 % av dagens nivå) |
Gjennomsnittleg CO2-innhald i atmosfæren i perioden | ca. 280 ppm[2] (1 gonger førindustrielt nivå) |
Middeltemperaturen ved jordoverflata i perioden | ca. 14 °C [3] (0 °C over dagens nivå) |
Hendingar i kenozoikum -65 — – -60 — – -55 — – -50 — – -45 — – -40 — – -35 — – -30 — – -25 — – -20 — – -15 — – -10 — – -5 — – 0 — Ein tilnærma tidsskala for hendingar i kenozoikum. Skala: Millionar år sidan |
Neogen er ein geologisk periode som starta for 23,03 ± 0,05 millionar år sidan og som varte anten heilt fram til i dag, eller enda for 2,588 millionar år sidan ved byrjinga av kvartær[6]. Neogen kjem etter paleogen og høyrer til æraen kenozoikum. International Commission on Stratigraphy (ICS) har føreslått at neogen skal bestå av epokane miocen og pliocen.[7]
Uttrykka neogensystem (formelt) og øvre tertiær (uformelt) skildrar bergartar som vart avsett under neogen.
Neogen dekkjer ein periode på om lag 23 millionar år. Under neogen utvikla pattedyr og fuglar seg stort. Dei fleste andre former var relativt uendra. Kontinenta flytta seg noko og den viktigaste hendinga var at Nord-Amerika festa seg til Sør-Amerika i sein pliocen. Dette førte til kaldare klima som førte til den siste istida. Mennesket oppstod i løpet av perioden.