Nissedal kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Telemark | ||
Adm.senter | Treungen | ||
Areal | 905 km² | ||
• land | 789 km² | ||
• vatn | 116 km² | ||
Folketal | 1 471 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Ian Parry-Jone (Sp) | ||
Kommunenr. | 4030 | ||
Nissedal 59°04′35″N 8°31′06″E / 59.076388888889°N 8.5183333333333°E | |||
Kart som viser Nissedal kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Nissedal | |||
Nettstad: www.nissedal.kommune.no |
Nissedal kommune er ein kommune i Telemark fylke, som grensar til Fyresdal i vest, Kviteseid i nord, Drangedal i aust og i sør til tre kommunar i Agder: Gjerstad, Vegårshei og Åmli.
Kommunen omkransar innsjøen Nisser, og har fleire mindre vatn og innsjøar. Dei viktigaste næringsvegane er industri, kraft og småbruk. Kommunesenteret Treungen er den einaste tettstaden i kommunen.[1]
Nissedal kommune vart til i 1838, då han vart skild ut frå Kviteseid. Namnet stammar frå innsjøen Nisser. Kommunevåpenet har tre raude nisseluver på gull grunn og spelar på kommunenamnet.[2]