Noachium

Noachium (namnsett etter Noachis Terra[1]) er den tidlegaste geologiske perioden til Mars som det finst kjende fysiske spor etter.[1] Perioden varte frå 4,1 til 3,7 milliardar år sidan. Dei nordlege låglanda på Mars vart danna tidleg i denne perioden.[2] Mykje vulkansk aktivitet fann stad i Tharsis-regionen i perioden.[1]

Bassenga Hellas, Isidis og Argyre Planitia vart danna i noachium.[1]

Etter Noachium fylgjer Hesperium.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 The Ages of Mars - ESA
  2. Noachian, Hesperian, and Amazonian, oh my! --Mars' Geologic Time Scale - Emily Lakdawalla

Noachium

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne