Nord-Marianane

Nord-Marianane
øygruppe
Flagg
Symbol
Nasjonalsong: Gi Talo Gi Halom Tase (Chamorro)
Satil Matawal Pacifico (Karolinsk)
Land  USA
Del av Mikronesia, Q3432631
Hovudstad Saipan
Areal 464,0 km²
Status Samvelde i politisk union med USA
Folketal 47 329 (2020)[1]
Språk engelsk, chamorro, karolinsk
Tidssone UTC +10
Retningsnummer +1 670
Domene .mp
Kart
Nord-Marianane
16°42′18″N 145°46′48″E / 16.705°N 145.78°E / 16.705; 145.78
Kart som viser Nord-Marianane.
Kart som viser Nord-Marianane.
Kart som viser Nord-Marianane.
Wikimedia Commons: Northern Mariana Islands

Nord-Marianane (engelsk Northern Mariana Islands) er eit samvelde (commonwealth) i politisk union med USA, vest i Stillehavet. Øygruppa Marianane, som òg omfattar øya Guam i sør, var spansk område frå 1667 til 1899. Dei vart oppkalla etter den spanske dronninga, Maria Anna av Austerrike. I 1899 selde Spania Nord-Marianane til Tyskland. Guam vart avstått til USA etter den spansk-amerikanske krigen same året. Etter den første verdskrigen vart øyane gitt av Folkeforbundet til Japan som mandatområde. Etter den andre verdskrigen tok USA over øyane. På enkelte øyar hadde det vore harde kampar mellom amerikanarar og japanarar under krigen. I 1978 fekk Nord-Marianane sin noverande status som samvelde i politisk union med USA. Ibuarane er amerikanske borgarar, men har ikkje stemmerett ved amerikanske presidentval.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.census.gov/library/stories/2021/10/first-2020-census-united-states-island-areas-data-released-today.html; vitjingsdato: 29. august 2022.

Nord-Marianane

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne