Norddal kyrkje

Denne artikkelen er om ei kyrkje på Sunnmøre, for ei kyrkje i Sunnfjord med liknande namn, sjå Nordal kyrkje.
For andre kyrkjer kalla Dale, sjå Dale kyrkje

Norddal kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Fjord
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Austre Sunnmøre
Sokn Norddal
Fellesråd Norddal
Type Åttekantkyrkje
Arkitekt Ole Larsen Døving
Material Tre
Innvigd 1784
 •  Endringar Restaurert 1958 og 1984
Takryttar Midt over skipet
Kyrkjegard Ved kyrkja
Altartavle Frå kring 1510-20, truleg tysk.
Sitjeplassar 400
Kart
Norddal kyrkje
62°15′22″N 7°14′14″E / 62.256°N 7.2371°E / 62.256; 7.2371
Wikimedia Commons: Norddal kirke
Norddal kyrkje is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Norddal kyrkje

Norddal kyrkje også kalla Dale kyrkje[1] er ei åttekantkyrkje i Dalsbygda i Fjord kommuneSunnmøre. Kyrkja vart bygd i 1782 og innvigd 25.juli 1784. Det var den fyrste åttekantkyrkja på Sunnmøre. Arkitekt for bygget var byggmeister Ole Larsen Døving. Kyrkja vart oppført i presten Ludolf Krohns tid. «Kyrkjebrevet» viser grunnrisset som tømrarane arbeidde etter, det viser òg namnet på dei 12 tømrarane som hadde ansvar for kvart sitt hjørne i laftekonstruksjonen.[2] Fire søyler står midt i rommet for å støtte tak og tårn. Norddal kyrkje er den mest typiske mellom åttekantkyrkjene på Møre og har eit vakkert profilert tårn, skriv Vreim.[3]

Byggmeisteren var sjølv på reise til Trøndelag for å sjå på ymse kyrkjebygg, og i «nærleiken» av Trondheim fann dei ei kyrkje dei likte godt og som byggmeisteren teikna eit grunnriss av. Det var truleg Hospitalskyrkja i dei kopierte, men det kan og ha vore Bakke kyrkje i Trondheim.[2] Seinare åttekantkyrkjer på Sunnmøre kan ha blitt inspirert av Norddal kyrkje, til dømes Stordal gamle kyrkje oppført få år seinare og tidlegare Ørskog kyrkje som no er Leikanger kyrkje i Herøy.[4]

Altertavla er frå seinmellomalderen, kring 1510–20, og er truleg tysk. Ho har mykje sams med tavler laga ved verkstaden til Bernt Notke i Lübeck.[5] I kyrkja er det ei smijernslysekrone som også kan vere frå mellomalderen. Preikestolen er i hollandsk stil og truleg frå 1600-talet, medan døypefonten truleg er tysk og frå kring år 1600.[6] Ved innreiinga av nykyrkja i 1782 støtta dei seg på Peder Palladius' bok om korleis kyrkjer skulle sjå ut innvendig, mellom anna skulle preikestolen vere på sørsida av koropninga.[4] Ved inngangen var det eigen benk for «inngangskoner» - kvinner som nyleg hadde fødd var «ureine» og presten måtte be for dei før dei først.[6]

Det er kyrkjegard kring kyrkja. Der står det eit minnesmerke over dei som omkom i Tafjord-ulukka i 1934.

Kyrkja er soknekyrkje i Norddal sokn i Austre Sunnmøre prosti. På Sylte i Valldal rett over fjorden står den andre kyrkja i Norddal.

Domenico Erdmann (1879-1940) restaurerte altertavla i 1922 og skreiv då: «Kirken smykkes af et yndefullt tårn som i sine forhold og detaljering røber en av våre betydeligste kirkebyggere.»

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 26. november 2011 
  2. 2,0 2,1 Grunn og gror. Kultursoge. Norddal bygdebøker, band IV. Valldal, 1976.
  3. Vreim, Halvor (1947): Norsk trearkitektur. Oslo: Gyldendal.
  4. 4,0 4,1 Ekroll, Øystein (2012): Sunnmørskyrkjene - historie, kunst og arkitektur (foto: Per Eide). Bla: Larsnes.
  5. Om Norddal kyrkje på nettstaden kulturnett.no
  6. 6,0 6,1 Storfjordnytt 10. mai 2013.

Norddal kyrkje

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne