Norsk referansegrammatikk

Norsk referansegrammatikk (NRG) er ein grammatikk over norsk språk som kom ut i 1997, skrive av Jan Terje Faarlund, Svein Lie og Kjell Ivar Vannebo. NRG vart skrive samtidig med tilsvarande prosjekt for svensk, dansk og finsk.

NRG er på 1223 sider, og sjølv om han er langt mindre enn dei andre nordiske referansegrammatikkane, er han i praksis det sentrale referanseverket når det gjeld norsk grammatikk. Ingen andre grammatikkar over norsk er like omfattande som NRG. NRG vart gjeve ut av Universitetsforlaget, ISBN 82-00-22569-0.


Norsk referansegrammatikk

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne