Norsk skogmuseum | |||
| |||
Stad | Elverum kommune | ||
---|---|---|---|
Skipa | 20. februar 2007 | ||
Norsk skogmuseum 60°52′13″N 11°33′35″E / 60.87030556°N 11.55980556°E |
Norsk skogmuseum (tidlegare Norsk Skogbruksmuseum) på Elverum er eit nasjonalt museum for utmarksnæringane skogbruk, jakt og innlandsfiske. Kvart år vert Dei nordiske jakt- og fiskedagane arrangerte på museet. Opp til 120 000 vitjar museet årleg.
I tillegg til innandørs utstillingar har museet òg utandørs utstillingar. Mellom anna står det ei oppgangssag nede ved Klokkarfossen i Glomma.
Norsk skogmuseum er ein del av Anno museum.