Notodden | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Telemark | ||
Kommune | Notodden | ||
Areal | 7,34 km² | ||
Folketal | 9 071 (2023) | ||
Folketettleik | 1 236 / km² | ||
Postnummer | 3672 NOTODDEN | ||
Innbyggjarnamn | notodding | ||
Preposisjon | på Notodden | ||
Ferdselsårer | |||
Notodden 59°33′34″N 9°15′31″E / 59.55936111°N 9.25852778°E | |||
Wikimedia Commons: Notodden (city) |
Notodden er ein by og administrasjonssenter i Notodden kommune i Telemark med 9 071 innbyggjarar per 1. januar 2023. Byen ligg på begge sidene av Tinnåa som renn ut i Heddalsvatnet. Byen er viktig i norsk industrihistorie som utgangspunkt for Norsk Hydro og kunstgjødselproduksjon. I 2015 blei industriområda frå tidleg 1900-tal innskrivne på UNESCO si verdsarvliste, saman med tilsvarande anlegg på Rjukan.[1]
Notodden er eit handelssenter for Aust-Telemark og vart tidleg ein skuleby. I dag har byen to vidaregåande skular og Høgskolen i Telemark med avdeling for lærarutdanning og førskolelærarutdanning med 1400 studentplassar. Notodden lufthamn er næraste flyplass og ligg om lag 5,5 km frå byen.
Lokalavisa er Telen, som har kontora sine på Notodden. Avisa dekkjer òg kommunane Hjartdal og Sauherad .