Oligocen

Oligocen er den siste epoken i perioden paleogen og varte frå 33,9 til 23 millionar år sidan. Som med andre eldre geologiske periodar er berglaga frå epoken veldefinerte, men dateringa er unøyaktig. Namnet oligocen kjem frå gresk, ὀλίγος (oligos, «få») og καινός (kainos, «ny») og viser til at det kom få nye pattedyr til etter ei kraftig utvikling i eocen. Oligocen kom etter eocen og før miocen.

Oligocen vert ofte rekna som ei viktig overgangstid, ei lenkje mellom den gamle verda i det tropiske eocen og det meir moderne økosystemet i miocen. Av endringar i økosystemet i oligocen finn ein grasslettene som spreidde seg over heile jorda og tropiske breilauva skogar som trekte seg tilbake til områda rundt ekvator.

Oligocen starta med ei masseutrydding der europeisk dyreliv vart byta ut med dyreliv, bortsett frå endemiske gnagarar og pungdyr. Hendinga vert kalla Grande Coupure. Grensa mellom oligocen og miocen er ikkje like enkel å skilje, men vert definert ut frå regionale grenser mellom varmare klima i sein oligocen (26,33 millionar år sidan) og relativt kjøligare klima i miocen.


Oligocen

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne