Artikkel (tidlegare òg referert til som kjenneord) er ei undergruppe av ordklassen determinativ.[1] I norsk blir ein, ei og eit rekna som artiklar. Artiklane blir brukt til å introdusere nye referentar i samtalen, som i eventyrinnleiinga «det var ein gong ein mann…». I andre språk enn norsk blir dei vidare brukt til å visa til same referenten seinare, som engelsk «the man» eller fransk «la fois».