Paradis viser til ulike førestillingar om ein lukkeleg stad, ofte knytt til eit liv etter døden. Ordet blei brukt i greske omsetjingar av Det gamle testamentet om hagen i Eden, staden der dei første menneska opphavleg levde. I jødiske, kristne og muslimske tekstar er ordet brukt om ein stad der dei salige skal opphalda seg etter døden, ofte kjend som Himmelen. Også i andre religionar finst liknande paradisomgrep, som Elysion blant dei gamle grekarane, Dei lukkelege øyane blant keltarar eller Garothman, 'songens hus', blant parsarar.