Partikkelfysikk er den delen av fysikken som handlar om dei minste bestanddelane av materien, og kreftane som virkar mellom dei. Det som er kjent per i dag er oppsummert i standardmodellen. Sjølv om denne modellen gjev ei særs presis skildring av alle eksperiment som er gjort, er det semje om at det må finnast fysikk utover det som er skildra i han, og det blir difor drive aktiv forsking, både teoretisk og eksperimentelt, for å lære meir.