Percy Bysshe Shelley

Percy Bysshe Shelley

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Kongeriket Storbritannia, Napoleons italienske kongedømme, Sveits
Fødd 4. august 1792
Horsham
Død

8. juli 1822 (29 år)
Gulf of La Spezia, Viareggio

Yrke lingvist, lyrikar, omsetjar, skodespelforfattar, romanforfattar, skribent, librettist
Sjanger romantisk poesi
Far Timothy Shelley
Mor Elizabeth Pilford
Ektefelle Mary Shelley, Harriet Westbrook
Born Ianthe Eliza Shelley, Charles Bysshe Shelley, William Shelley, Percy Florence Shelley, Clara Everina Shelley, Clara Shelley
Signatur
Percy Bysshe Shelley på Commons

Percy Bysshe Shelley (4. august 17928. juli 1822) var ein av dei fremste engelske poetane i romantikken[1] og er rekna av litteraturforskarar som ein av dei finaste lyriske poetane på det engelske språket. Han var ein radikalar i diktinga si såvel som i det politiske og sosiale synet, og Shelley blei ikkje anerkjend i levetida si, men ryet til diktinga hans voks jamleg etter den tidlege døden hans. Shelley var eit hovudmedlem av ein tett sirkel av visjonære poetar og forfattarar som omfatta lord Byron; Leigh Hunt; Thomas Love Peacock; og hans eiga kone, Mary Shelley, forfattaren av den gotiske romanen Frankenstein.

Shelley er kanskje best kjend for klassiske dikt som «Ozymandias», «Ode to the West Wind», «To a Skylark», «Music», «When Soft Voices Die», «The Cloud» og «The Masque of Anarchy». Dei andre viktige verka hans omfattar lange, visjonære dikt som «Queen Mab» (seinare omarbeidd til «The Daemon of the World»), «Alastor», «The Revolt of Islam», «Adonaïs», det uferdige verket «The Triumph of Life» og dei visjonære versedramaa The Cenci (1819) og Prometheus Unbound (1820).

Han hadde ein tett sirkel av beundrarar som omfatta likevel fleire progressive tenkjarar i samtida, mellom dei den framtidige svigerfaren hans, filosofen William Godwin. Sjølv om Shelley sin produksjon av poesi og prosa var jamn gjennom heile livet hans, avslo dei fleste forleggjarar og tidsskrift å trykkja verka hans i frykt for å arresterast saman med forfattaren for blasfemi eller oppvigleri. Shelley kom ikkje til å leva lenge nok til oppleva suksess og innverknad, men oppnådde etter at han døydde å bli anerkjend både innan litteraturen og for sine sosiale og politiske tankar.

Shelley blei eit idol og eit forbilde for dei neste tre eller fire generasjonane av britiske diktarar, blant anna dei viktige viktorianske og prerafaelittiske diktarane som Robert Browning og Dante Gabriel Rossetti. Han var beundra av ulike skikkelsar som Oscar Wilde, Thomas Hardy, George Bernard Shaw, Bertrand Russell, W.B. Yeats, Karl Marx, Upton Sinclair og Isadora Duncan.[2] Henry David Thoreau sin sivile ulydnad var openbert påverka av Shelley sine ikkjevaldelege protestar og politiske handlingar.[3]

  1. Ferber, Michael (2012). The Cambridge Introduction to British Romantic Poetry. New York: Cambridge University Press. s. 6–8. ISBN 978-0-521-76906-8. 
  2. Duncan, Isadora (1996): My Life, W. W. Norton & Co., s. 15, 134.
  3. Weber, Thomas (2004): Gandhi as Disciple and Mentor, Cambridge University Press, s. 28–29.

Percy Bysshe Shelley

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne