Piranbukta

Piranbukta
bukt
Land  Slovenia,  Kroatia
Kart
Piranbukta
45°30′16″N 13°33′43″E / 45.504444°N 13.561944°E / 45.504444; 13.561944
Wikimedia Commons: Gulf of Piran

Piranbukta (kroatisk Piranski zaljev eller Savudrijska vala, italiensk Baia di Pirano, slovensk Piranski zaliv), er ei bukt kalla opp etter den slovenske byen Piran eller den kroatiske halvøya Savudrija. Ho ligg nord i Adriahavet og er ein del av Triestebukta. Ho er avgrensa av ei linje mellom Savudrijaneset (Savudrijski rt) i sør og Madonaneset (Rt Madona) i nord , og dekkjer eit område på om lag 19 km². Eit nytt namn på bukta er foreslått , Dragonjski zaljev.

På den austlege kysten av Slovenia ligg byane Piran, Portorož og Lucija og på den sørlege kysten av Kroatia ligg turiststadane Crveni vrh og Kanegra, bygde i 1980-åra. Den største elva som munnar ut i bukta er Dragonja, rett på grensa mellom Slovenia og Kroatia. Langs munningen til Dragonja finn ein Sečovlje saltslette som dekkjer eit område på 6,5 km².

Den eksakte havgrensa mellom Kroatia og Slovenia vart aldri definert i det tidlegare Jugoslavia og sidan sjølvstende til dei to landa i 1991, har området vore kimen til konflikt mellom fiskarar og politi i begge lnd.


Piranbukta

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne