Plymouth | ||
---|---|---|
Plymouth Hoe sett frå sjøen | ||
Kallenamn «Spirit of Discovery» | ||
Motto «Turris fortissima est nomen Jehova» (Namnet Jehova er det sterkaste tårnet) | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Devon | |
Bystatus | 1928 | |
Borgarmeister | Mary Aspinall | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
79,29 km² | |
Innbyggjarar - By (2009 est.) - folketettleik |
256 700 3 237,5 /km² | |
Koordinatar | 50°22′17.03″N 4°08′32.75″W / 50.3713972°N 4.1424306°W | |
Høgd over havet | 155 moh | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | PL | |
Nettstad: www.plymouth.gov.uk | ||
Plymouth (City of Plymouth) er ein by i Devon i det sørvestlege England ved grensa til Cornwall, der elvane Plym og Tamar munnar ut i det 5 km lange Plymouth Sound, som er verna av ein lang molo. Han voks opp omkring Plymouth hamn, som er ei av dei beste naturlege hamnene i verda. Byen har kring 250 000 innbyggjarar.
Byen er ei viktig flåtenamn med stort marineverft. Her finst maskinverktøy-, instrument-, næringsmiddel- og kjemisk industri. Handel og fiske er òg viktig for økonomien i byen. Byen har ein marinbiologisk stasjon og ein katolsk katedral, samt ein citadell frå 1666. Festningsverka i byen går attende til 1300-talet.
Byen er omtalt som Sudstone på 1000-talet. Hamna vart tidleg sentrum for Royal Navy, noko som både har ført til at han voks kraftig, og i Elizabeth-tida var han den fremste hamna i landet. Det var frå her Sir Francis Drake la ut på jordomseglinga si i 1577. Byen er òg kjent som stader der pilegrimane forlét England med Mayflower for å reise til Den nye verda i 1620. Marinebasen i byen førte òg til at byen vart sterkt skadd av bombinga til Luftwaffe under andre verdskrigen. Byen vart gjenoppbygd etter ein plan av arkitekten Patrick Abercrombie. Marinebasen er den største i Vest-Europa, og ein av dei få gjenverande i Storbritannia.
Plymouth har sidan 1914 òg omfatta byane Devonport og Stonehouse.