Po | |||
elv | |||
Land | Italia, Sveits Frankrike | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 71 000 km² | ||
Lengd | 652 km | ||
Middelvassføring | 1 540 m³/s | ||
Kjelde | Dei cottiske Alpane | ||
• høgd | 2 022 moh. | ||
Munning | Adriahavet | ||
Po 44°42′05″N 7°05′35″E / 44.701444444444°N 7.0930555555556°E | |||
Wikimedia Commons: Po River |
Po (latin Padus, i antikken Eridanus) er den lengste elva i Italia med ei lengd på 652 km. Elva renn frå vest til aust på tvers av heile Nord-Italia, frå Viso (i Dei cottiske Alpane) til Adriahavet nær Venezia. Ho har eit nedslagsfelt på 71 000 km², som inkluderer sideelvar frå både Frankrike og Sveits.
Elva renn gjennom mange viktige italienske byar, inkludert Torino og (indirekte) Milano i Lombardia. Ho er forbunde til Milano via eit nettverk av kanalar kalla navigli, som Leonardo da Vinci hjelpte til å utforme. Nær enden av elva dannar ho eit breitt elvedelta med hundrevis av små kanalar og fem store kalla Po di Maestra, Po della Pila, Po delle Tolle, Po di Gnocca og Po di Goro i den sørlege delen av Comacchio, eit område kjend for ål. Posletta svarer til Gallia Cisalpina, som vart delt inn i Gallia Cispadane Gaul (Sør for Po) og Gallia Transpadane (Nord for Po).
Den vidstrakte dalen rundt Po vert kalla Posletta (it: Pianura Padana) og er så effektivt forbunde til elva at heile dalen vart det viktigaste industriområdet i landet. Elva vert styrt av eit spesielt styringsorgan kalla Magistrato delle Acque.
Hovudnæringa til bønder rundt elva er korn.
I 2005 fann ein «enorme» mengder benzoylecgonine, som vert utsondra i urinen til kokainbrukarar. Basert på desse tala vart det estimert at dette utgjorde 4 kg dagleg eller om lag 27 dosar per dag per tusen innbyggjarar i området ved elva. Dette talet var nesten tre gonger høgare enn tidlegare estimat.[1]