Polsk polski, polszczyzna | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Slavisk Vestslavisk Lechitisk | |
Talarar | polakkar | |
Bruk | ||
Tala i | Polen | |
Område | Polen | |
Polsktalande i alt | 39-48 millionar | |
Rangering | 22 | |
Skriftsystem | det latinske alfabetet | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Polen | |
Normert av | Det polske språkrådet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | pl | |
ISO 639-2 | pol | |
ISO 639-3 | pol | |
Wikipedia på polsk |
Polsk er eit vestslavisk språk som er brukt i Polen der det er det offisielle språket, og i tillegg i grannelanda Litauen, Kviterussland, Slovakia og Tsjekkia, og i land folkesette av polske innvandrarar. Forskarar reknar med at det finst mellom 39[1] og 48 millionar[2] menneske som snakkar polsk i dag.
Polsk er det største vestslaviske språket både ut frå talet på talarar og bruksområde.[3] Det høyrer til den lechitiske greina av språkgruppa, saman med pommerske talemål og den utdøydde polabisken, og dannar eit dialektkontinuum med slovakisk og tsjekkisk.[4] I tillegg har polsk påverka dei austslaviske språka kviterussisk og ukrainsk.[5] Sjølv om einskilde slaviske språk utvikla seg annleis, er det framleis ei viss grad av gjensidig forståing mellom dei grunna tidlegare politisk-etniske tilhøve.[6]
Nokre forskarar meiner at schlesisk og kasjubisk er dialektar av polsk.[7] Andre hevdar at desse to er forskjellige språk.[8]