Pommerske voivodskap

Pommerske
voivodskap
Flagg
Symbol
Land  Polen
Hovudstad Gdańsk
Areal 18 293,0 km²
Folketal 2 300 000 (2019)
Kart
Pommerske voivodskap
54°11′00″N 18°00′00″E / 54.183333333333°N 18°E / 54.183333333333; 18
Kart over fylka i voivodskapet.
Kart over fylka i voivodskapet.
Kart over fylka i voivodskapet.
Wikimedia Commons: Pomeranian Voivodeship

Pommerske voivodskap (polsk Województwo pomorskie eller berre Pomorskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg nord i Polen i den austlege delen av den historiske regionen Pommern (polsk Pomorze). Hovudstaden er Gdańsk.

Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Gdańsk, Elbląg og Słupsk. Det grensar til Vestpommerske voivodskap i vest, Storpolske og Kujaviskpommerske voivodskap i sør, Ermelandskmasuriske voivodskap i aust og Austersjøen i nord. Det har òg ei smal grense mot RusslandWisłahalvøya.

Gdańsk, er regionshovudstaden og dannar ein del av Trippelbyen i lag med Sopot og Gdynia. I voivodskapet ligg den smale Helhalvøya og den polske halvdelen av Wisłahalvøya. Andre turistdestinasjonar er Sopot, Jurata, Łeba, Władysławowo, Puck, Krynica Morska, Ustka, Jastarnia, Rozewie, Kuźnica og mange fiskehamnar og fyr.


Pommerske voivodskap

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne