Porsangerfjorden | |||
fjord | |||
Vestsida av Porsangerfjorden
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Nordkapp, Porsanger | ||
Del av | Barentshavet | ||
Porsangerfjorden 70°38′00″N 25°37′00″E / 70.633333333333°N 25.616666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Porsangerfjorden |
Porsangerfjorden (samisk Porsáŋgguvuotna, finsk Porsanginvuono) er den fjerde lengste fjorden i Noreg med ei lengd på 123 km. Han ligg i Finnmark. Fjorden har innløp mellom Helnes fyr på Magerøya i vest og Sværholtklubben på Sværholthalvøya i aust og går sørover til Brennelv (Lohtiniemi) og Lakselv lengst inn i landet. Av kommunar ved fjorden finn ein Nordkapp og Porsanger.
Omkring indre Porsangerfjorden består berggrunnen av Porsangerdolomitten som er ein over 200 meter tjukk lagpakke av dolomitt med stromatolittar.
Den indre delen av fjorden er til dels særs grunn og ved fjøre trekk sjøen seg enkelte stader langt ut frå strandsona. Den ytre delen av fjorden er derimot ned mot 300 meter djup enkelte stader nær Magerøya og aust for Lille Tamsøya (310 m)