Porsgrunn kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Telemark | ||
Adm.senter | Porsgrunn | ||
Areal | 164,45 km² | ||
• land | 161,36 km² | ||
• vatn | 3,09 km² | ||
Folketal | 37 193 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Janicke Andreassen (Ap) | ||
Kommunenr. | 4001 | ||
Porsgrunn 59°08′31″N 9°39′24″E / 59.1419°N 9.6568°E | |||
Kart som viser Porsgrunn kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Porsgrunn | |||
Nettstad: www.porsgrunn.kommune.no |
Porsgrunn kommune er ein kommune i Telemark fylke. Kommunen blei slegen i hop med dei tidlegare kommunane Brevik og Eidanger 1. januar 1964. Porsgrunn kommune grensar i nord til Skien kommune og Siljan kommune, i aust mot Larvik kommune, og i vest mot Bamble kommune. Høgaste punkt er Fjerdingen, 361 moh.
Porsgrunn by er administrasjonssenteret i kommunen. Byen ligg ved utløpet av Telemarksvassdraget og er ein viktig industriby.
Av næringsverksemd i Porsgrunn er det tung- og prosessindustri som skil seg ut. Norsk Hydro med Agri og Polymer-divisjonane, er Porsgrunn sin største industri-arbeidsgjevar. Yara, ein av dei største kunstgjødsel-fabrikkane i verda, er lokalisert her. Porsgrunds Porselænsfabrik, Eramet og Norcem er andre viktige industrielle aktørar i Porsgrunn.
Av kulturartilskipingar kan ein mellom anna nemna Porsgrunn Internasjonale Teaterfestival (PIT).[1]