![]() | |
Fakta | |
Lewis-struktur:
H H H | | | H-C-C-C-H | | | H H H | |
Namn | Propan |
Kjemisk formel | CH3CH2CH3 eller C3H8 |
Smeltepunkt | -187,6 °C |
Kokepunkt | -42 °C |
Formelvekt | 44.10 |
Synonym | Dimetylmetan, LPG, Propylhydrid |
CAS-nummer | 74-98-6 |
Propan (C3H8) er eit alkan. Ved normalt trykk og temperaturar over -42 °C er propan ein fargelaus, brennbar og lukftfri gass som er tyngre enn luft. Ein tilset gjerne luktstoff til gassen for lettare å oppdage lekkasjar ved bruk. Propan frys til is ved ca. -190 °C under normalt trykk. Ved moderat auka trykk går propan over til væskeform i romtemperatur, noko ein høyrer om ein rister på ein propanboks eller -flaske.