Provinsen Alicante

Alicante
Alacant
provins
Land  Spania
Region Valencia
Areal 5 826,45 km²
Folketal 1 881 762 (2021)[1]
Kart
Provinsen Alicante
38°30′N 0°30′W / 38.5°N 0.5°W / 38.5; -0.5
Kart som viser Provinsen Alicante.
Kart som viser Provinsen Alicante.
Kart som viser Provinsen Alicante.
Wikimedia Commons: Province of Alicante

Alicante (valenciansk Alacant) er ein provins aust i Spania i den sørlege delen av Regionen Valencia. Han grensar til provinsane Murcia i sørvest, Albacete i vest, Valencia i nord og Middelhavet i aust. Provinsen er kalla opp etter hovudstaden, byen Alicante.

I 2008 var Alicante den fjerde mest folkerike provinsen i Spania med nesten 1,9 millionar innbyggjarar. Av byar med meir enn 50 000 innbyggjarar finn ein Alicante (331 750 innbyggjarar), Elche (228 348), Torrevieja (101 381), Orihuela (84 626), Benidorm (70 280), Alcoy (61 698), Elda (55, 74) og San Vicente del Raspeig (51 507).[2]

Alicante har flest utlendingar i forhold til folketalet enn nokon andre av dei spanske provinsane. Utlendingane utgjer 23,6 % av det totale folketalet.[3] Av 141 kommunar i provinsen er finst det 25 % utlendingar i 54 av dei, og over 50 % i 19 kommunar.[3]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.ine.es/jaxi/Datos.htm?path=/t20/e245/p08/l0/&file=03002.px.
  2. Relación de unidades poblacionales Instituto Nacional de Estadística
  3. 3,0 3,1 Uno de cada cuatro vecinos es extranjero en el 40% de los municipios alicantinos Arkivert 2010-01-14 ved Wayback Machine. May 16, 2009. Diario Información

Provinsen Alicante

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne