Ra i glasiologi

På Tromøy i Arendal kommune er raet avsett heilt ytst mot Skagerrak i Raet nasjonalpark.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen

Ra er ein grusrygg, ofte ein endemorene. Som oftast refererer Ra (eller Raet) til ei av dei største endemorenane frå den siste istida. Då innlandsisen mot slutten av istida trekte seg attende, kunne han stogge på vegen i fleire hundre år av gongen. Der iskanten vart liggande still (like mykje is smelta tilbake som isen rørte seg framover) samla det seg opp materiale som isstraumen førte med seg frå innlandet: sand, stein og grus. Då så isen trekte seg vidare attende vart dette liggande tilbake som ein svær fold i landskapet der iskanten hadde vore.

Garden Ra i Horten er opphav til det geologiske omgrepet ra.


Ra i glasiologi

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne