Rapallo er ein by og ein kommune i provinsen Genova i Liguria-regionen i Italia. Kommunen har om lag 29 000 ibuarar og eit areal på 33,6 km². Kystbyen Rapallo ligg på den italienske rivieraen i ei bukt av Liguriahavet, mellom kommunane Portofino i vest og Chiavari i aust.
Staden har eit mildt klima og hovuddelen av byen ligg på rimeleg flatt land. Mange har busett seg i åsane som reiser seg rett bakom bykjernen, der det er betre ly mot dei kraftige nordavindane.