Rapperswil-Jona | |||
---|---|---|---|
Rapperswil-Jona sett frå Kempraten-Lenggis, Jona til venstre, Rapperswil og Seedamm til høgre, Obersee (øvre Zürichsjøen) og Lachen (SZ) i bakgrunnen (mars 2010) | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | St. Gallen | ||
Distrikt | See-Gaster | ||
Språk | tysk | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
22,17 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
26 212 1 182,3 /km² | ||
Koordinatar | 47°13′0″N 8°49′0″E / 47.21667°N 8.81667°E | ||
Høgd over havet | 409 moh. | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 8640 | ||
Nettstad: www.rapperswil-jona.ch |
Rapperswil-Jona er ein by og ein kommune i valkrinsen See-Gaster i kantonen St. Gallen i Sveits. Kommunen har 26 212 innbyggjarar (2010) og eit areal på 22 km². Kommunesenteret ligg 409 meter over havet. Byen Rapperswil-Jona er den nest største i kantonen etter hovudstaden St. Gallen.
Utanom Rapperswil og Jona, som var eigne kommunar fram til 2006, består kommunen av Bollingen, Busskirch, Curtiberg, Kempraten-Lenggis, Wagen og Wurmsbach.
Landområdet Rapperswil-Jona består av 37,4 % landbruk, 30,6 % skog, 28,6 % bygningar og vegar, dei siste 3,4 prosentane er elvar og sjøar.