Regionale kommunar (hebraisk מועצה אזורית, Mo'atza Azorit) er ein av tre typar lokalstyre ein finn i Israel og israelskokkuperte område, i lag med byar og lokale kommunar. I 2003 var det 53 regionale kommunar i Israel, vanlegvis med ansvar over eit område med landlege busetnader.[1][2] Dei regionale kommunane har alt frå mellom tre til 54 busetnader, vanlegvis spreidd over eit relativt stort område med geografisk nærleik til kvarandre.[1]
Kvar busetnad i ein regional kommune har vanlegvis ikkje meir enn 2000 innbyggjarar, og vert styrt av ein lokal komité. Denne komiteen sender representar til det regionale kommunestyret etter kor mange innbyggjarar dei har.[1] Dei mest vanlege busetnadane i dei regionale kommunane er kibbutzar og moshavar.[3]